Skriv ut Legg til bokmerke

Kirker

» Vis alle     «Forrige 1 2 3 4 5 6 ... 18» Neste»     » Lysbildefremvisning

Laster...
Kyrkjegarden på Berjaflot vart første gongen teken i bruk i 1932. Han ligg inntil ei bergrekkje som går nord – sør på vestsida av Odda, og utvidingar må i hovudsak skje mot nord og sør. 

Felta er til dels skilde med planta hekkar av ulike slag. Det meste av kyrkjegarden er avgrensa mot vegen i aust med glattpussa og kalka mur dekt med skiferheller. Hovudinngangen er gjennom mura, rundboga portal søraust for kapellet. Portalen er glattpussa og kalka og er dekt med saltak med rektangulære lappheller. 
På sørsida er det i tillegg mura ein mindre rektangulær inngang under tverrstilt saltak. Begge opningane har feste for tidlegare nytta portar. I gavlfeltet på begge sider er årstalet 1934 i smijarn sett inn i muren. Kyrkjegarden har også inngangsport mot sør og i nordaust. Porten i sør er i smijarn hengsla til dei innsvinga murvangane. Også ved inngangen i nordaust er muren svinga inn mot kyrkjegarden, men her er det også mura opp portstolpar i upussa stein til feste for porten. Portstolpane er samanbundne i overkant av pergola av tre. 
På kyrkjegarden er det laga vatnpostar i form av små basseng. Det eldste er truleg det åttekanta bassenget som ligg nær inngangen til kapellet og tek opp forma ved inngangstrappa.


Berjaflot Kapell og Kirkegård:

Kyrkjegarden på Berjaflot vart første gongen teken i bruk i 1932. Han ligg inntil ei bergrekkje som går nord – sør på vestsida av Odda, og utvidingar må i hovudsak skje mot nord og sør.

Les mer: Klikk på Overskriften


Eier av original/KildeSvein Monsen
StedBerjaflot Kirkegård, Odda, Hordaland
Breddegrad60.0617424
Lengdegrad6.5433406
FilnavnBerjaflot Kapell Hordaland.jpg
Filstørrelse65.86k
Dimensjoner887 x 498
Linket tilKaren Emelie BERGE (Begravelse); Martin SKOGSEID, Hålandsdalen (Begravelse)

Berjaflot Kirkegård, Odda, Hordaland, Hordaland / Odda / Berjaflot, Norge


» Vis alle     «Forrige 1 2 3 4 5 6 ... 18» Neste»     » Lysbildefremvisning